Korleis opplev du vatnet i ditt nærmiljø?

Regional plan for vassforvaltning er no ute på høyring. Alle med interesse for god ivaretaking og bruk av vatn inviterast til å bidra med innspel.

Reint vatn er ein ressurs 

Vi tek det ofte for gitt at ein har reint vatn i springen og fisk i elvane. Men, på landsbasis, har om lag kvar fjerde vassførekomst (bekk, elv, innsjø, grunnvatn eller havområde) ein negativt påverka tilstand. Dette er ikkje bra. Vang ligg høgt over havet og vatnet kjem i form av nedbør. Sjølv om vatnet ikkje har reist langt og dermed ikkje har vorte påverka over tid, er det fleire vassførekomstar som framleis blir påverka.

Vang er sjølve «kjelda» til fleire vassdrag og vatnet her har utspring til store, kjende vassdrag. Mellom anna er Tyin utspringet til elva Tya som renn vestover, Bygdin renn ut i Lågenvassdraget, og Otrøvatnet og Steinbusjøen renn ut i Begnavassdraget. Difor har alle i Vang kommune eit stort ansvar ovanfor innbyggjarane nedstraums, og utan ei medviten haldning til utfordringane kan situasjonen gradvis bli verre.

Vang kommune er ein del av Vannområde Valdres. Dei største utfordringane her er knytt til framande artar og sjukdommar, vasskraft og fysiske inngrep, offentleg og spredt avløp, jord- og skogbruk, langtransportert forureining som sur nedbør, utfordringar knytt til truga artar, plastforsøpling med meir (Informasjon henta frå vann-nett 26 januar 2021).

Vatn blir gruppert i 5 tilstandar, kalla økologisk tilstand, avhengig av kor mykje vatnet fråvik det vi antek er opphaveleg/naturleg tilstand. Økologisk tilstand reflekterar på mange måtar helsetilstanden til vatnet. Kvar gruppe har ein farge: 

     

  1. Blå er svært bra og er lik eller tilnærma lik naturtilstanden eller opphaveleg tilstand.
  2. Grønt er god tilstand. Avviket er ikkje større enn at basisfunksjonane i vatnet er intakt.
  3. Gult indikerar moderat tilstand. Då er naturtilstanden så forstyrra at ein del sentrale funksjonar i økosystemet eller helsetilstanden i vatnet er sett ut av funksjon. Til dømes er Øyangen og Steinbusjøen påverka av regulering og fisketilstanden er vurdert til dårleg. Strøndafjorden, Nordre Syndin er to vassførekomstar med for stor tilførsel av næringssaltar (fosfor og nitrogen). Eit anna døme lenger sør i Valdres er tilhøva på Hedalsfjella der fisk og bunndyr har skadar grunna forsuring. I slike områder kan og brønnar ha så låge pH-verdiar at drikkevatnet er i grensa av kva som reknast å vera helsemessig forsvarleg. Kombinert med gamle røyrsystem av m.a. kobbar og tungvitaller i berggrunnen kan resultatet vera uheldig.
  4. Orange farge indikerer enda dårlegare tilhøve. I rapporten for betre bruk av fiskeressurser i regulerte vassdrag i 2020 blir det annteke at kvar fjerde fisk dør i turbinane når dei passerar Eid Kraftverk i Begna. Dette kan vera ein indikasjon på orange tilstand. https://www.statsforvalteren.no/siteassets/fm-innlandet/06-miljo-og-klima/fiskeforvaltning/bedrebruk/overvakingsrapporter/begna_2020.pdf
  5. Raudt illustrerar det største avviket frå naturtilstanden. Døme på dette er dei regulerte elvane Ylja, Eidsfossen, Bøåne og Raudøla øvre del, samt Rysntjednet som er sterkt påverka av regulering.

Målet er å få flest mogleg vassførekomstar i blå og grønn tilstand. Medan gul, orange og raud ikkje er bra og krev ei større innsats for å betre.

Vi har ein nasjonal vassdatabase https://vann-nett.no/portal/ . Den er under utvikling og all ny kunnskap knytt til vassforekomstane skal inn her: Dagens tilstand, påverkningsbilete, behov for tiltak eller allereie gjennomførte tiltak, samt kostnadsoverslag. Basa er tilgjengeleg for alle. Den vil danne eit grunnlag for planleggjing og gjennomføring av noverande og ny aktivitet i nedbørsfeltene til vassforekomstane. Dersom vi til dømes har ein innsjø som ikkje når miljømålet om god tilstand grunna for mykje næringssaltar i vatnet, så får ein ikkje setje i gang nye aktivitetar som bidreg til endå meir næringssaltar til vatnet. Ein må fyrst rydde opp i «gamle synder», få friskmeldt vatnet, før ein kan settje i gang nye tiltak. Dei nye tiltaka må då gjennomførast slik at ny forureining som reduserar tilstanden til under god ikkje skjer.

Klikk for stort bilete  

Nå kan du bidra til ein betre handtering av vatnet!

Regional plan for vassforvaltning er no ute til høyring. Kommuner, offentlege myndigheiter, organisasjonar og alle andre med  interesse for god ivaretaking og bruk av vatnet inviteras til å bidra med innspel. Slik håpar vi å få ein god og anvendbar plan som sikrar eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet. 

Fristen er 31 mai. Har du lyst til å bli meir kjendt med høyringsutkastet og si di meining så kan du lesa meir her: https://viken.no/politikk/slik-kan-du-pavirke/horinger-og-offentlig-ettersyn/horing-regionale-vannforvaltningsplaner.88549.aspx

 

Vi har i tillegg eit kontinuerlig behov for å:

  1. Få styrka kunnskapsgrunnlaget og få avklart kva aktivitetar som påverker vatnet vårt
  2. Få definert i kva grad vi når måla i dei enkelte vassførekomstane og kanskje gjennomføre nokre grundigare undersøkingar der dette er uklårt.
  3. Få rydda opp (gjennomføre tiltak) der det trengs så langt vi klarer og å unngå nye skadar.
  4. Tilpasse nye aktivitetar på ein slik måte at vassmiljøet ivaretakast.

Det betyr at innspel kan sendast inn året rundt til kommunen eller Vannområde Valdres.

Vennlig helsing Aud Sylvi Tellesbø, Vannområdekoordinator for Vannområde Valdres og Bjørnar Sæthershagen, Rådgjevar landbruk/miljø for Vang kommune.