Klar for litt strandrydding?

Aksjon Aqua – Reine Vatn i Valdres legg til rette for Årets Strandryddeveke 14. -20. september og  Strandryddedagen den 19. september.

Ca. fire tonn handplukka søppel vart fjerna frå vassdraga under Strandryddeveka i 2019.

Konteinarar i alle kommunar

I Vang kommune blir det sett ut konteinar utanfor Coop

 

Ryddepakkar

Hanskar, vest og søppelposar kan du hente ut på servicetorget til Vang kommunehus.

 

Freistar med premiar

Sjølv om Strandryddeveka i hovudsak skal motivere til frivillig innsats, vil det bli trekt ut to vinnarar av gåvekort på kr. 2000 blant alle frivillige familiar, arbeidsplassar eller venegjengar som postar bilete av ryddeinnsatsen på Facebook-gruppa Aksjon Aqua - Reine vatn i Valdres. 

Skuleklasser, hyttevel, lag  og foreiningar som melder seg for rydding vil kunne få 2000 kr, MEN her er det fyrstemann til mølla og det er viktig med koordinering frå friluftsrådet. Ta kontakt på friluftsradet@valdres.no eller på telefon 481 30 722.

 

Meir informasjon finn du her:

valdres.no/nyheter