Informasjon til alle abonnentar med kommunalt vatn på Tyinkrysset – Filefjell

Det er fortsatt fare for tilfeller av brunt vatn frå vassverket i vinter- og påskeferien.

Vang kommune registrerer høgare forbruk av kommunalt vatn enn tidlegare. Truleg skyldas den auka trafikken på fritidsbustader Covid-19 situasjonen. Kapasiteten ved det kommunale vassverket i Børrelie har vore under press i fleire år. I 2018 vedtok Vang kommune ei etappevis utbygging av ny vassforsyning. Fyrste etappe vart ferdig desember 2020.

Etappe 1: Tyinkrysset vassverk – ferdigstilt 2020
Etappe 2: Høgdebasseng ved Grøvstølen – ut på anbod 2021
Etappe 3: Nye hovudleidningar – ut på anbod 2022

Fram til etappe 3 vert ferdig er det naudsynt å halde Børrelie vassverk i drift. Det har 7 grunnvassbrønnar, der vatnet frå nokre av desse brønnane inneheld jern og mangan. Jern og mangan er metaller som bidreg til innvendig belegg i vassleidningane. Belegget lausnar ved store variasjonar i vassforbruket og vatnet blir brunt. Dette kombinert med auka forbruk er hovudårsaka til brunt vatn jula 2020. Hendingar med brunt vatn vil kunne skje igjen, særleg vinter- og påskeferien 2021.

Problemet vil først reduserast når fleire etappar i den nye vassforsyninga vert utbygd. I mellomtida har Vang kommune satt i verk førebyggjande tiltak, og betre løysing for utsending av sms for raskare og meir tilgjengeleg informasjon ved hendingar.

Vang kommune beklagar ulempa brunt vatn medfører for abonnentane våre. Me håpar de vil få ein triveleg vinterferie.

 

Helsing Vang kommune