Influensavaksinering 2022

Informasjon om influensavaksinering ved Vang legekontor hausten 2022.

Vaksinering mot sesonginfluensa er tilrådd for:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Personar over 65 år
  • Gravide etter veke 12 (gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko) 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månedar til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - hjarte og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    - diabetes type 1 og 2
    - leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    -  nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    - svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stad)


    Du kan få vaksinen når du har legetime
    Vi vaksinerer på legekontoret torsdagar, bestill time 
    Drop in vaksinasjon på biblioteket onsdag 19. oktober tid: 14.30 – 18.00