Influensavaksinering 2020

Vaksinering av risikogrupper skjer no i oktober ved Vang legekontor
Vaksinering mot sesonginfluensa er tilrådd for:

  • gravide etter veke 12
  • personar over 65 år
  • vaksne og barn med alvorlege luftvegsjukdommar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
  • personar med kroniske hjarte-/karsjukdomamar, spesielt dei med alvorleg hjartesvikt
  • nedsett infeksjonsmotstand
  • diabetes
  • kronisk nyresvikt, leversvikt eller kronisk nevrologisk sjukdom
  • kraftig overvekt

Vaksinering skjer ETTER TIMEBESTILLING ved Vang legekontor, alle må ta kontakt på tlf 61 36 95 00 for å få time til vaksinering. Har du legetime frå no og ut november vil du få vaksina samtidig med legetimen. Pris kr 50,-
Har du frikort er vaksina gratis