Gje di stemme ved folkeavstemminga om Innlandet

Har du adresse i Innlandet og fyller minst 16 år i løpet av 2022? Då kan du stemme. Vi kan rettleie deg dersom du treng det.

Dersom du ikkje er norsk statsborgar, kan det hende du har stemmerett likevel.  
Sjå om du kan stemme

Digital folkeravstemming

Du kan stemme digitalt frå 10. til 17. februar. Gå inn på www.innlandetfylke.no/stem. Der vil du òg finne meir informasjon om kva fylkeskommunen jobbar med.

Dersom du ikkje har pårørande eller andre nære som kan hjelpe deg, kan vi i Vang kommune rettleie deg med å logge deg på sjølve folkeavstemminga.

NB! Bank-ID er personlig, og skal ikkje brukas av andre enn deg sjølv. Du kan få hjelp til sjølve stemmeprosessen, til å navigere og kvar du skal trykke for å gje din stemme, men koder og passord skal ikkje deles med andre.

Du kan besøke Vang folkebibliotek eller frivilligsentralen i desse opningtidene:

Fredag 11. februar 12-16
Laurdag 12. februar 11-16
Måndag 14. februar 11-19
Tysdag 15. februar 11-19
Onsdag 16. februar 10-16

Vi vil og være tilgjengeleg på dagsenter Vangsheimen desse dagene:

Måndag 14/2 kl 13.00 – 14.00
Torsdag 17/2 kl 13.00 – 14.00

Har du spørsmål kan du ringe til servicetorget: 61 36 94 00

Hugs digital ID

Du må ha elektronisk ID for å kunne stemme. Dette kan ta opptil ei veke å få på plass. Dei mest vanlege formane ved elektronisk ID er MinID og BankID. Sjå hjelp og rettleiing for elektronisk ID

Du stemmer anonymt
Sjølve stemming skjer på ei sikker plattform, og du er garantert at namnet ditt ikkje kan knytast til kva du stemmer.