Fylkesmannen vitja Vang kommune 28. februar!

Fylkesmannen - Klikk for stort bilete Fylkesmann for Innlandet, Knut Storberget, med delar av staben starta besøket med ei helserunde på kommunehuset. Deretter leia ordførar Vidar Eltun omvisinga i Vang sentrum:
Fylkesmannen, den tidlegare justisministeren, sette stor pris på besøket  hjå lensmann Odd Vidme i tenestestaden for politiet.

Fylkesmann og ordførar med følgje (herunder formannskapet) held fram informasjonsutvekslinga medan dei gjekk den om lag 1 km lange turen til Vang barne- og ungdomsskule.

Her guida leiar i ungdomsrådet, Monica Tveit Berge, forsamlinga rundt i fleirbrukshall og skuledel.

Etter ei god matøkt med aktiv samtale orienterte etatsjef Tommy- René Stordal om oppvekst, kultur og integrering. Han orienterte særskilt om kommunen si deltaking i prosjektet "Smart oppvekst".

Leiar på Vang Mottakssenter, Bente L. Dalåker orienterte om drifta av mottaket gjennom dei 20 åra mottaket har eksistert.

I si oppsummering av dagen i Vang framheva Fylkesmannen som spesielt  etter å ha gjennomført møte i 41 kommunar i Innlandet, at ordførar Vidar Eltun var den fyrste som hadde bidrage til eit vandrande møte.

Han sa vidare at han sette spesielt pris på orienteringa om elevdemokratiet ved skulen som han fekk av leiaren i ungdomsrådet.

Det vanka mange godord om prioriteringar som politikarane i Vang har gjort og for arbeidet med å skape vekst basert på naturgjevne føresetnader.

Han sa avslutningsvis at Vang har ei raus tilnærming til dei kommunen skal gje tenester til, og at fylkesmannen her ønsker å vere ein raus medspelar.