Frivillige lag og organisasjoner kan søke momskompensasjon

Frå i dag kan frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Dei skal fordele til saman 1,685 milliardar kroner i momskompensasjon.

Søknadsfristen er 1. september, men fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet som ofte har frist tidlegare. Hugs at alle som søkjer må vere registrert i Frivilligregisteret.

Søknadsskjema og meir om ordninga finn du her.