Føsselie i sal

Klikk for stort bilete Tysdag 20. april gjekk dei 21 tomtene i Føsselie i Ryfoss ut for sal.

Ryfoss har hatt solid utvikling som bygdesentrum dei siste åra og det gamle byggjefeltet der er no sluttseld. Det nye feltet har fått namnet Føsselie og har 21 byggjeklare tomter denne sommaren.

– Her er høve for både einebustader i fleire kategoriar, samt at fleire av tomtane også kan nyttast til tomannsbustader. Med alt som skjer i Ryfoss og kort veg til arbeidsmarknaden i heile Valdres vert det spanande å få desse tomtene ut på marknaden, seier ordførar Vidar Eltun.

Prosjektet har eigen heimeside og tomtene vert seld via Privatmegleren. Alt om tomter i Vang finn du her på sida.