For deg som driv med arrangement, aktivitetar, gards- og stølsturisme, guiding, overnatting, servering mv.

Det er stor pågang om korleis ein skal forhalde seg til smittevernreglar og retningsliner i samband med Covid-19. Skal du starte opp aktivitetar og tilbod, må du setje deg inn i regelverket, og lage ein plan for korleis du kan drifte innanfor dette.

Under finn du informasjon om reglar og retningsliner, og me ber deg setje deg inn i dette før du kontaktar oss. 

Den som skal opne/drive aktivitet har ansvaret for, og skal sikre at regelverket og retningslinene vert overhalde.  Det er utarbeidd bransjestandardar for dei fleste bransjar, og ulike lag og foreiningar har utarbeidd retningsliner for sine aktivitetar.

Generelt gjeld same reglar for denne type aktivitet som for andre aktivitetar:

  • Personar som er sjuke skal ikkje delta
  • Generelle hygienereglar skal ivaretakast.
  • Gjeldande reglar om gruppestorleik og avstand skal ivaretakast.
  • Det skal vera ein smittevernansvarleg for arrangementet/aktiviteten, og ein skal ha oversikt over dei som deltek (namn og telefonnr.) for eventuell smittesporing.

Me oppmodar difor om:

  • Set deg inn i gjeldande reglar og retningsliner, desse endrar seg stadig – Held deg oppdatert.
  • Lag ein plan for aktiviteten/arrangementet.
  • For aktivitetar i Vangshallen eller kommunen sine samfunnshus må arrangør sende kontaktinfo for smittevernsansvarleg og aktivitetstider til kommunen v/ frivilligsentralen@vang.kommune.no

Det er ønskjeleg at spørsmål kjem skriftleg til postmottaket ved kommunen, og me ber om forståing for at det kan førekome noko lenger svartid enn elles. Eventuelle spørsmål sendast til post@vang.kommune.no.
 

Regelverket frå helsedirektoratet finn du her:

Vidare har NHO reiseliv og kulturdepartementet laga eige smittevernrettleiarar: