Ferietilbod for barn og ungdom sommaren 2020

Både Røde Kors og Arbeiderbevegelsens rus- og sosialpolitiske forbund (AEF) inviterer til ulike leirer sommaren 2020.

Ferie for alle

Røde Kors arrangerer Ferie for alle, gratis sommarferie til familiar med låg inntekt. Tilbodet blir naturleg nok litt annleis i år. Dei har i år opplegg i veke 26, 27 og 28, både dagsturar og lengre opphald.

Tilbodet gjeld for familiar med svak økonomi, med minst eit barn mellom 6 og 13 år. Ferien er eit rusfritt arrangement. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner. Les meir om tilbodet på https://www.rodekors.no/tilbudene/ferie-for-alle/

Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson. Ta kontakt med frivilligsentralen - dei hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.

Kontaktinfo: e-post frivilligsentralen@vang.kommune.no eller tlf. 46 81 64 73. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.

Ferieklubben for Barn og Ungdom

Arbeiderbevegelsens rus- og sosialpolitiske forbund har følgjande tilbod:

Uke 28: Ungdomsleir på Ullerøy
Uke 28: Enslige forsørgere med barn leir på Solbukta
Uke 29: Barneleir på Strandstua
Uke 29: Ungdomsleir på Ullerøy
Uke 30: Enslige forsørgere med barn leir på Solbukta
Uke 31: Enslige forsørgere med barn leir på Biri

Ta kontakt med frivilligsentralen så får du tilsendt meir info om den enkelte leir, og søknadsskjema.

NB! På bakgrunn av situasjonen med covid-19, vil det kunne kome endringar på kor mange som kan delta på leirane. AEF vil til ein kvar tid følge gjeldande føringar for å avrense smitte, og rutinar for gjennomføring av leiren.

Kontaktinfo: e-post frivilligsentralen@vang.kommune.no eller tlf. 46 81 64 73. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.