Ferie for alle - gratis vinterferie

Røde kors tilbyr gratis vinterferie til familiar med låg inntekt. Vinterferien arrangerast frå 24. til 28. februar, på Merket Røde Kors senter i Valdres.

Tilbodet gjeld for familiar med svak økonomi, med minst eit barn mellom 6 og 13 år. Ferien er eit rusfritt arrangement. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner. Les meir om tilbodet her og Merket Røde Kors senter i Valdres her.

Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson. Ta kontakt med frivilligsentralen - dei hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien. Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller på tlf. 61 36 94 25 / 46 81 64 73, eller kom innom på Vangstunet for ein prat i ordinær opningstid, som er måndag, tysdag og onsdag frå 11.00 til 15.00.

Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Frist for å søkje dette ferieopphaldet er 15. jaunar