Eigenberedskapsveka 2022

Denne veka er det nasjonal eigenberedskapsveke. Urolege tider i Europa og andre plassar i verda påverker også dagleglivet her i Vang.

Tilgang på enkelte matvarer, reint vatn, kraftfôr, drivstoff, varer som me til vanleg tek for gitt, kan plutseleg bli mangelvare. I ei krise som rammer store deler av befolkninga må samfunnet sine ressursar prioriterast til dei mest sårbare. Derfor er det viktig at alle andre kan klare seg sjølv i ein periode.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har ei fin nettside som heiter www.sikkerhverdag.no Her kan ein finne masse god informasjon om eigenberedskap. Sjekk den ut da vel, ta grep om beredskapen i heimen, så gjer du eit lite, men viktig bidrag til totalberedskapen i samfunnet.

Helsing Erlend Haaverstad

Kommunedirektør