Eidsiva skal kontrollere straumnettet med helikopter

I sommar skal Eidsiva Nett laserskanne og fotografere stramnettet ved hjelp av helikopter. Føremålet  er å dokumentere straumlinene og traseen linene går i nøyaktig, og kartlegge skogen rundt linene, for å oppdage og forebygge potensielle feil som kan føre til straumbrot. Arbeidet startar 1. juli og pågår etter planen ut august

Alle som bur i ein viss avstand frå linene får varsel. Eidsiva Nett ynskjer tilbakemelding om det er dyr i nærleiken av linetraseen det må takast spesielt omsyn. Dei som melder i frå, får beskjed når helikopteret er i nærleiken slik at dei kan halde dyra sine inne når helikopteret passerer. Det er piloten som gjer avtale med dyreeigarar før flygninga. Hvis ein ikkje får kontakt, flyg helikopteret høgare eller legg om ruta - eller eventuelt flyg rundt.

I arbeidet blir det brukt eit helikopter som flyg 50-60 meter over bakken i 70 til 100 kilometer i timen. Det har ein underhengande skanner og kamera.

Helikopteret flyg i relativt låg høgde og fart, kan dyr reagere på støy. Dei som har dyr det må takast spesielt omsyn til, kan melde inn dette på et skjema på www.eidsivanett.no (nederst på forsiden under Aktuelt og pressemeldinger).