Dette er finalistane i Gnist-prosjektet

 Gnist er ein idédugnad for Distrikts-Noreg og ei konkurranse om å levere dei beste konsepta for utvalde kommuner, som i år har vore Vang, Lebesby og Lund. Til fristen 7. juni hadde det kome inn 8 forslag til Vang kommune, og no har juryen landa på to spennande konsept som går vidare til finalen.

Dette er finalistane:

Finalist: Klynga på Klokkarhaugen

Team: Eirik Høyme Rogn, Trine Grann, Endre Vik, Sigrid Skjerdal, Marius Waagard og Torbjørn Tryti

Skildring: Samlokalisering av bedrifter som byggjer på og vidareutviklar erfaringane frå eksisterande kontorfellesskap. Fleksible bustadar i sentrum, der både eksisterande og ny bygningsmasse i sentrum får viktige funksjonar som møteplassar. 

Juryen sin grunngjeving: Tverrfagleg team som tar i bruk spennende, innovative metodikker for å løse Vang sin utfordring. Konkret og helhetlig forslag, som samtidig har en veldig lokal forankring. 

 

Finalist: Rein mat i sentrum

Team: Sør arkitekter, Mat & Fat og Telemarksforskning

Skildring: Dei sentrale elementa er ein uformell, open og inviterande møteplass som midtpunkt i eit levande sentrum, eit lett tilgjengeleg utsal av lokale matskattar - ikkje minst lokalt reinkjøtt - samt nytt innhald i tomme bygg. 

Juryen sin grunngjeving: Konkret og innovativt prosjekt med god forankring i Nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn. Tverrfaglig team. God forståelse for Vang sin utfordring, og i tillegg potensial for skalering. 

 

Finalistane får 150 000 kr kvar til vidare utvikling basert på innspel frå juryen og tett dialog med kommunen og fylkeskommunen. Av dei to finalistane vil det til slutt bli valt ut ein vinnar. Vinnaren blir offentliggjort på Nordic Edge Expo den 21. september. 

 

Dette er juryen:

Marit A. Kvam, Vang kommune

Vidar Eltun, Vang kommune

Wibeke Børresen Gropen, Innlandet fylkeskommune

Mona Handeland/Preben Woll Bostad, Distriktssenteret

Sølve Fauskevåg, Innovasjon Norge

Anne Romsaas/Heidi Melby, KS

Tina Rebecca Hov-Gylthe, Forskningsrådet

Randi Torvik/Stian Øksnes, Siva

Siri Holmboe Høibo, DOGA