Det er meldt om svært kraftige vindkast, oransje nivå

Det er venta periodevis svært kraftige vindkast, 23-30 m/s.  I slike situasjonar må ein ta høgde for at straum og ekom kan bli borte i periodar. Sjå varslinga frå meteorologisk institutt her.

Kommunen har følgjande informasjon og oppmoding:

Bortfall av telefon og internett

Ved bortfall av telefon og internett:

  • Vil det bli bemanna ein satellittelefon på Vangsheimen. Her kan du få hjelp til å kontakte naudsentralar, når anna kommunikasjon ikkje fungerer.
  • I samarbeid med Røde Kors, Valdres brannvesen og Vestre Slidre kommune vil Ryfoss ambulansestasjon bli bemanna ved situasjonar med omfattande bortfall over noko tid.
  • Kommunen vil nytte jaktradioar som reserve. Kommunen tilrår alle som har jaktradio liggjande om å sette dei på lading. Bruk "Jakt 6"- kanalen

 

Eigenberedskap

Kommunen vil oppmode alle til å tenkje gjennom kva grep ein sjølv kan gjere for å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeida konkrete råd som du kan lese her.

Sikre lause gjenstandar og strø private vegar.

Det er ikkje tida for å leggje ut på tur i fjellet, i tillegg til sterk vind er det også meldt om oransje farenivå for snøskred.