Det er meldt om ekstremvêr frå 12.01.22

Kommunen har i dag hatt ekstra møte i kriseleiinga for å gå gjennom planer og førebu seg på det vêret som er meldt. Det er fare for mykje regn, glatte vegar, flom og skredfare. Ein må og ta høgde for at straum og ekom kan bli borte i periodar.

Kommunen har hatt dialog med beredskapsaktørar i kommunen, og er ekstra førebudd på det som er venta. Kommunen følgjer med på situasjonen, og har følgjande informasjon og oppmoding:

 

Bortfall av telefon/internett

Ved bortfall av telefon/internett vil det bli bemanna ein satelittelefon på Vangsheimen. Her kan du få hjelp til å kontakte naudsentralar, når anna kommunikasjon ikkje fungerer.

 

Eigenberedskap

Kommunen vil oppmode alle til å tenkje gjennom kva grep ein sjølv kan gjere for å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeida konkrete råd som du kan lese her.

 

Ta vare på eigen eigedom

Sjekk eigne stikkrenner, avkøyringsrenner og andre vassføringar for å hindre skader på veg og eigedom i samband med den venta nedbøren. Sikre lause gjenstandar og strø private vegar.

 

Ikkje legg ut på fjelltur

Det er ikkje tida for å leggje ut på tur i fjellet desse dagane.

 

Ta vare på kvarandre

Er det nokon som kan trenge din hjelp? Kanskje er det ein nabo eller slektning som treng hjelp til å strø vegen, eller til å forstå kva som er lurt å gjere? Ta ein ekstra kontakt.

 

Saman er me førebudd!