Den positive Vangsgjelding 2021

I går vart prisen for den positive Vangsgjelding 2021 delt ut. Årets vinnarar var tre ildsjeler som har lagt ned ein enorm innsats i Makkenparken: Belinda Dalemark Wangensteen, Rune Wangensteen og Olav Bøland. 

 

I juryen som skal bestemme kven som skal få Positivprisen, sit det nokon frå ungdomsrådet også, i tillegg til formannskapet. Derfor ser årets jury slik ut:

Ordførar Vidar Eltun, varaordførar Bjørn Olav Søndrol og dei andre i formannskapet Bjørg Marie Hermundstad, Kristin Bakke Lajord og Leif Solemsli, frå Ungdomsrådet Amalie Skar-Winje og Albion Zogay.

Det er viktig å lytte til ungdommen. Det har juryen i år gjort, men eg vil med ein gong si at det var ein samrøystes jury som kom fram til årets prisvinnar.

Takk til alle som sender inn kandidatar til Positivprisen. Det er ingen enkel jobb å sitte i juryen, for det er som eg sa tidlegare mange som gjer ein ekstra innsats i Vangssamfunnet. Både over tid og ved eingongshendingar. Men juryen har iallfall kome fram til eit felles standpunkt ut frå innkomne forslag.

Juryen må halde seg til vedtektene for Positivprisen. Nokon meiner kanskje at dei vedtektene bør endrast, dette får me vurdere etter kvart. Uansett seier vedtektene:

”Den positive Vangsgjelding” må vera eit føredøme for oss alle i Vang.  Kandidaten må kome bygda si i hug på ein positiv måte, utan tanke på eiga vinning.  Kandidaten må ikkje minst vere kreativ og ein lagspelar, med evne til samarbeid”.

  • Samfunnsdelen i kommuneplanen vår seier noko om aktivitetar for barn og unge i alle aldrar:  Vang kommune skal ta omsyn til folkehelseperspektivet i planlegging, utbygging og drift. Kommunen skal samarbeide med frivillige organisasjonar der det er aktuelt, for å bidra til gode sosiale og miljømessige tilhøve. Innbyggjarane skal vere medvitne om ansvaret sitt for å ta vare på eiga helse.

Nye tilbod for aktivitet er alltid velkomne i Vang. Positivprisen går i år til ein kandidat som i fleire år har arbeid for å få i stand og gjennomføre nettopp eit slik tilbod. Og sidan det her er fleire som har bidrege, har juryen funne det rett å tildele prisen til ikkje berre ein, men til tre personar. Aktiviteten det er snakk om er BMX sykling. Men me snakkar altså om Makken parken ved Mjøsvang, og den er så mykje meir enn berre for sykling. Takk til storsyklaren vår, Mads Andre «Makken» Haugen som har vore inspirasjonkjelde for parken og også gjeve namnet til den. 

Arbeidet har som sagt pågått over mange år, kommunen og andre offentlege etatar har vore inne med støtte, men utan eit solid dugnadsarbeid hadde den ikkje vorte ein realitet. Det er sjølvsagt også viktig at Makkenparken blir brukt og då treng ein nokon til å setje aktiviteten i gang.  Ungdommen er særs nøgd med det nye tilbodet og dei er svært glad for at det blir lagt til rette for eit variert tilbod. Kanksje spesielt ein av prisvinnarane har også lagt ned mange timar i anna ungdomsarbeid. Takk for det. Prisvinnarane har lagt ned uttallige timar for å få eit så velfungerande anlegg som mogleg. Enno er dei kanskje ikkje heilt i mål, men me håpar kveldens pris vil gje inspirasjon til vidare arbeid, og det er sjølvsagt fint at flest mogleg stiller opp på dugnad og er med på felles arrangement.