Brunt vatn Tyin/Filefjell

Vang kommune får melding om at vatnet på Tyin/Filefjell er brunt.

I forkant av jula ble det reparert eit større leidningsbrot som medførte at vatnet i leidningsnettet ble brunt/missfarga. Vatnet er ikkje helsefarleg, men har redusert bruksmessig kvalitet. Det er ikkje naudsynt å koke vatn til drikke.

Når det blir eit brot i leidningsnettet så snur gjerne vasstraumen, eller han går raskare når vi leiter etter brotet. Då kan vatnet bli brunt fordi det kan bygge på seg på eit tynt belegg innvendig i røra, som losnar ved slike hendingar. Mange melder om at vatnet fortsatt er brunt. Truleg skuldast det at det framleis står brunt vatn i stikkleidningar og i enkelte hovudstrekk der det ikkje har vorte brukt vatn på ei stund.

For dei som opplever veldig massfarga vatn kan det være lurt å tappe forsiktig, slik at stikkleidning tilførast nytt vatn. Det anbefalast ikkje å tappe mykje, da den samle effekten kan føre til forverring igjen.

Vi håper at vasskvaliten vil betre seg. Vi beklagar det det som har skjedd.