Bomavgifter og parkeringsavgifter på privat grunn

Klikk for stort bilete 

Kommunen skal godkjenne storleiken på, og innkrevjing av bomavgift og avgift til parkering.

For at det kan krevjast avgifter for ferdsel på privat veg og parkering på private plassar, er det eit krav i Veglova § 56 at kommunen har godkjent det. Dette gjeld også storleiken på avgiftene. 

Det er få av dei private vegane og parkeringsplassane  i Vang som har innhenta slik godkjenning.   

Søknad om godkjenning av avgiftsordning, inkludert bom-/parkeringssatsar skal sendast Vang kommune, Landbruk og teknisk etat, evntuelt på e-post til postmottak.