Bokkveld og utdeling av positivpris 2020

Nils Rogn     

Under strenge koronatiltak kunne bibliotekar Marianne Riste og leiar av Frivilligsentralen, Marte Tangen, ynskje velkomentil bokkveld og utdeling av Positivprisen onsdag kveld.

Forfattar og kunstar Leslie Ayres les dikt, både på norsk og engelsk, frå boka si og Sigmund Løvåsen hadde eit særs interessant foredrag om ungdomsåra til Kjell Aukrust. Me vart mykje betre kjent med multitalentet Kjell. Frå kulturskulen bidrog Thea og Leah med vakker song, og Eskil spelte fantastisk på sin gitar. Takk til alle som bidrog. Notabene Fagernes selde som vanleg bøker.

Kvelden vart tradisjonen tru avslutta med at ordføraren på vegne av formannskapet og leiar i ungdomsrådet delte ut årets Positivpris. Vinnar i år vart Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps. Juryen sin grunngjevnad ser de nedanfor. I tillegg fekk Sidsel Offergård Jevne blomar og heiderleg omtale for sin innsats og samarbeid med GRKH i samband med testing av Covid-19. Gratulantane stod i kø og det var ein svært populær vinnar.

UTDELING AV POSITIVPRISEN 2020

God kveld alle saman.

Eit av årets høgdepunkt for ordføraren er å få dele ut Positivprisen – eller den positive vangsgjelding. Kriteriene er som før: ”Den positive Vangsgjelding” må vere eit godt fordøme for alle oss i Vang. Kandidaten må kome bygda si i hug på ein positiv måte, utan tanke på eiga vinning. Kandidaten må ikkje minst vere kreativ og ein lagspelar, med evne til samarbeid.” Leiaren i ungdomsrådet møter saman med formannskapet for å peike ut prisvinnaren.

I år vart det forfall frå leiaren i ungdomsrådet, men me var mange nok likevel til å kunne fatte vedtak.

Det kom inn mange forslag på gode kandidatar også i år. Takk til alle som foreslår kandidatar. Og om ikkje din kandidat skulle vinne i år, er det lov å fremje kandidaten på ny. Det er eit trongt nålauga å trenge gjennom. De skal iallfall vite at alle kandidatar blir nøye vurdert opp mot kvarandre, det er lange diskusjonar i formannskapet, men me blir som regel samde om ein kandidat til slutt. Slik vart det også i år.

2020 har vore eit heilt spesielt år. For deg, for meg, for oss alle. Ein kan kanskje også hevde at årets kandidat også er litt utanom det vanlege, at juryen har strengt strikken langt. Ja, kanskje det, men me står støtt i det valet som me har gjort.

Vinnaren av Positivprisen er ofte ein eller ei som set frivillig arbeid høgt. Som brukar tid på andre. Som set seg sjølv i andre rekke. Årets vinnar er nettopp akkurat slik. Stiller opp på kort varsel, har gode eigenskapar, fagleg dyktig og utfører oppgåvene med respekt og med stor gjennomføringsevne.

Oppgåvene kan vere svært varierte. Det kan bli sett krav til mot, styrke, rask responstid og ikkje minst det å vere eit medmenneske.

12. mars 2020 vart landet vårt stengt ned. Landet var i krise. Me trengte alle som kunne stille opp i og for samfunnet. Også her i Vang.  Kriseleiinga i kommunen vart samla; korleis skal me takle dette her? Saman og åleine. Me trengte å spele på alle ressursar. Virussjukdommen Covid 19. spreidde seg raskt. Det var viktig å få testa dei som kunne vere smitta. I starten vart berre nokre få utvalte testa, etter kvart fleire. Det har vore ein krevjande jobb, ein har måtte stille opp på kort varsel for å få gjennomført nødvendig testing.

Årets kandidat har over ei lang rekke med år bygd seg opp kompetanse, investert i nødvendig utstyr, drev med opplæring av seg sjølve, men og for andre i bygda. Mange stiller også med eige med privat utstyr når det måtte trengjast. Det er snakk om ambulanse til sjuketransport, redningsbåt med tilhengar og snøscooterar med meir.

Oppdraga har vore mange og ofte både krevjande og farefulle. Dei er klare til å rykke ut 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Dei gjer ein framifrå innsats for samfunnet vårt. Øvingar i fjellet og elles i naturen gjev god lokalkunnskap, noko som er heilt avgjerande i ein krisesituasjon.

Utan deira og andre sin frivillige innsats, hadde ikkje Vang kommune hatt så god beredskap som me trass alt har. Ja, det er mykje meir lovord ein kunne si til årets vinnar av positivprisen, men eg trur alle skjønar kor viktig jobb dei gjer og at dei fortener å bli sett pris på.

Og berre for å presisere det som vart utslagsgjevande i år, vår den enorme innsatsen som har vorte lagt ned i samband med testing av alle som har trutt, eller skal me si frykta, har vorte smitta av koronavirus. Som me veit, er det pr. no ingen med påvist smitte i Vang. Det skal me vere takknemlege og glade for.

Ja, det er vel ikkje lenger noko tvil. Vinnaren av Positivprisen 2020 er Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps!

Ansvarleg for gjennomføring av testane, tidlerare kommuneoverlege Sidsel Offergård Jevne, skal få blomane for sin innsats. Ho har i godt samarbeid med noverande kommuneoverlege Marit Tuv og anna helsepersonell, gjort ein formidabel innsats.

Gratulerer!!