Alternativ TV-aksjon

Gje på butikkane eller digitalt

Dør-til-dør-besøk er bytta ut med bøsser på butikkane og digital innsamling i år.

Klikk for stort bilete Joker Ryfoss, Coop Fjellvang, Joker Tyinkrysset, Vang folkebibliotek eller kommunehuset i Vang får alle fysiske bøsser fram til og med fredag 16. oktober. Sjølve aksjonen er søndag 18.

– Vi har som resten av landet droppa dør-til-dør-aksjonen og satsar på at folk skal gje via telefon eller nett. Erfaringsmessig er det ikkje alle som er komfortable med dette så vi har i samråd med kommuneoverlegen sett ut desse bøssene, fortel Lars Østbye Hemsing som leiar årets TV-aksjonskomite i Vang.

Årets TV-aksjon heiter Eit hav av moglegheiter og går til WWF sitt arbeid med å redusere plast i havet.

Digitale bøsseberarar

Ved sidan av dei fysiske bøssene er det fleire moglegheiter for å bidra med pengar til årets aksjon. Det vert satsa mest på digitale bøsseberarar, der det er lett å registrere seg via blimed.no.

- Du kan bli bøsseberar for Vang sjølv om du ikkje bur her, eller om du til dømes har hytte her eller har eit hjarte for Vang, fortel Hemsing.

Treng du hjelp med den digitale registreringa kan du også kontakte frivilligsentralen, på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller kom innom i opningstida; måndag-onsdag kl 11-15.