25 års jubileum 2020 og 2021!

Tirsdag 7.desember fekk me feira årets og fjorårets 25 års jubilantar! 

Dei aktuelle har vore tilsett i Vang kommune i 25 samanhengande år og vart markert med gåvekort og flotte juleblomstar frå Lund gartneri. 

3 av jubilantane byrja i 1995 og hadde 25 års jubileum i 2020, men då var det ikkje anledning til samankomst. 

Det var derfor flott å få feira jubilantar frå 2020 og 2021 med ein god julemiddag i stemningsfulle omgjevnadar på Tyinkrysset fjellstue. 

Me takkar dykk for tida og innsatsen dykkar i Vang kommune, og håpar på mange fleire år! 

Frå venstre: Frank Tommy Jacobsen, Grete Eltun, Guro Råheim Kvam, Rita Dalemark, Anne Marit Hålien, Inger Lise Framstad, og vertskap ordførar Vidar Eltun

Anne Lise Kvam og Toril Sommerstad hadde ikkje anledning til å møte.