25 år i kommunal teneste

Tradisjonen tru vart dei som har arbeidd 25 år i kommunen heidra under ein middag i Sørre Hemsing.

 Vertskapet serverte delikat rakfisk, velsmakande reinsdyrsteik og toppa det heile med karamellpudding.
Ordføraren held tale til kvar einskild av jubilantane og trekte fram kor viktig innsatsen deira har vore i løpet av desse 25 åra. Samla har desse opparbeid seg ei utruleg brei og god erfaring. Jubilantane fekk overrekt fine blomar frå Lund Arbeidsbase og dei fekk ei gåve frå kommunen. Me takkar kvar og ein av dei for innsatsen i desse 25 åra.

På bildet: Anne Cecilie Kongsteien Bøe, Anne Berit Tøftum, Ellen Merete Steinsvoll, Harald Bøe, Gunnbjørg Berge, Wenche Søndrol og ordførar Vidar Eltun. Venke Haugen er også jubilant, men hadde ikkje anledning til å vere med på markeringa.