Skogbrannfare - pressemelding frå Brannsjefutvalget i Innlandet

For tida er det mykje tørr vegetasjon. Sjølv om det kan vere lokale variasjonar, er det i store delar av Innlandet aukande skogbrannfare. Brannsjefane i Innlandet er uroa over utviklinga, då det allereie har vore mange skogbrannhendingar den siste tida. Brannvesena i Innlandet har vore på 37 hendingar knytt til ut- og innmark så langt i år.

Brannsjefane i Innlandet minner om at det generelle bålforbodet gjeld no. Det betyr at det er forbode med bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og utmark. Utvalet oppmodar også til å vere forsiktig i hagar eller annan innmark.

Tørt fleire stader kombinert med sterk vind 

Den tørre vegetasjonen bidreg til at det skal lite til før det oppstår brann i gras, skog og lyng. Brannsjefutvalet åtvarar mot å bruke open eld. Med open eld meinast alt som involverer open flamme, til dømes bål, bålpanne, eingongsgrill, turbernarar, etc. Dette betyr at det ikkje automatisk er tillate å bruke tilrettelagde bålplassar sjølv om desse er tilrettelagde. Sjølv om ein tenner opp på ubrennbar grunn kan glør fly langt og antenne vegetasjonen rundt.

Din eld – ditt ansvar 

Det er den som gjer opp eld som har ansvaret dersom det byrjar å brenne. Den som ønskjer å gjere opp eld må sjølv vurdere faren, og brannsjefutvalet i Innlandet rådar alle til å gjere gode vurderingar. Aktsemdplikta gjeld uansett kvar du befinn deg, også på eigen eigedom, spesielt om den grensar til skog og utmark. Dersom du er usikker på om det er trygt å gjere opp eld, skal du ikkje gjere opp eld. Ver varsom!

Henviser forøvrig til skogbrannfareindeks som brann og redning nyttar: https://skogbrannfare.met.no/

Brannvesenet treng di hjelp 

Ser du at det ryker eller brenn utan at brannvesenet er på staden, ikkje nøl med å ringe 110. Mange brannar blir oppdaga tidleg av folk som er på tur. Dette er til stor hjelp for oss!

Brannsjefutvalet i Innlandet fylke 

Utvalet er eit tverrkommunalt samarbeidsråd der alle brannsjefer og leiar for 110-sentralen i Innlandet fylke deltek, der det blir drøfta felles utfordringar og løysingar.

Kontaktperson: 

Kontakt brannsjef lokalt ved din respektive kommune.

 

Med helsing
Brannsjefane og 110- Innlandet