Vang kommune skal bli eit demensvenleg samfunn!

10. april signerte ordføraren avtala med Nasjonalforeningen for folkehelse om å bli eit demensvenleg samfunn, etter at kommunstyret fatta vedtak i mars.

Med på markeringa var i tillegg til ordførar og Nasjonalforeningen, representantar for eldrerådet, Vang Utvikling, helse- og omsorgsetaten og frivilligsentralen.

Me blir fleire eldre, og med auka alder blir me også fleire som blir råka av demenssjukdom. Me ynskjer at Vangssamfunnet skal vera ope og inkluderande for alle. Kommunen kan leggje til rette for dette i mykje av vårt arbeid, men me kan ikkje gjere dette åleine: Her må næringsliv, frivillige og kommunen gjere ein jobb ilag.

Ei avtale om demensvenleg samfunn forpliktar kommunen til å legge til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering. Kommunene må jobbe for auka kompetanse om demens, slik at det kan leggast til rette for at dei skal kunne meistre og delta i eigen kvardag lengst mogleg.

Ved å signere avtala forpliktar kommunen seg til å:

  • opprette og drifte ei arbeidsgruppe som skal vera samansett av mellom anna
    • nærlingslivet
    • brukar / pårøranderepresentant
    • frilvilligheita
    • fagpersonar frå kommunen
  • Arbeidsgruppa skal rekruttere servicenæringar og andre aktuelle til å delta på kurs, og halde kurs.

Auka kunnskap om demens vil medføre at bedrifter, arrangørar og lokalsamfunnet betre kan legge til rette for eigenmeistring hjå personar med demens. Det som er avgjerande for denne gruppa er ofte bra for alle!

Les meir om demensvenleg samfunn