Utfall av Telenor sitt nett i Vang

Telenor melder om at det er utfall av mobil og breiband i Innlandet, og Vang er råka av dette. Telenor har mista forbindelsen til eit knutepunkt i Fagernes og arbeidar no med feilretting.  Det er estimert at dekninga bør vere tilbake innan midnatt. 

Utfallskart frå Telenor

 

Råd til brukarar som har mista nettet:

  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringe naudnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning.
  • Dersom du har trådlaust breiband har dei fleste moglegheit til å ringe med WIFI tale
  • Beveg deg til eit område som har mobildekning