Offentleg høyring: Kulturstrategi for Vang kommune 2027–2040

Kva meiner du om framtida for kulturlivet i Vang?

Vang kommune har utarbeidd forslag til Kulturstrategi for Vang kommune 2027–2040, og inviterer no innbyggjarar, lag og foreiningar, kulturaktørar og andre interesserte til å kome med innspel.

Les dokumentet her: Kulturstrategi For Vang Kommune 2027–2040 – Planforslag.pdf (PDF, 491 kB)

Kulturstrategien skal gi retning for kommunen sitt arbeid på kulturfeltet fram mot 2040, og synleggjere korleis kommunen, frivilligheita og andre aktørar saman kan bidra til eit levande og inkluderande kulturliv.

Vi ønskjer å høyre frå deg! Er det noko du meiner bør endrast, styrkast eller kome tydelegare fram i strategien?

Høyringsfrist: 13. september 2026

Innspel sendast til post@vang.kommune.no og merkast «Kulturstrategi 2027–2040».