Status veke 37 Tørrisbrune - Grøvstølen

Entreprenør held på med å grave leidningsgrøfter frå Tørisbrune opp til Grøvstølen høgdebasseng.

Tørisvegen blir stengd 12.09 for å etablere ei kryssing. Eigarar som har Tørisvegen som adkomst er blitt varsla. Vegen er planlagd opna 13.09.

Dei komande vekene vil ein arbeide seg oppover Tørisvegen langs vestsida. Vegen må igjen bli stengd når ein skal krysse Tørisvegen nedanfor Tørisvegen 61. Etter tilbakemelding vil eigarar bli varsla i betre tid om når vegen må stengast neste gang.