- Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning
Her er lenkje til godkjent skjema:Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Skjemaet må signerast av dei tinglyste eigarane til eigedomen som bestiller. Dersom nokon andre skal bestilla på vegner av eigarane, må fullmakt leggjast ved.
- Stadfesting på at dei berørte eigedomane er kjende med at det blir rekvirert oppmålingsforretning
Eigarar av båe eigedomane treng ikkje signera på bestillinga, men det må kome fram at eigedomane som skal endre grenser er kjende med at det skal rekvirerast oppmålingsforretning.
Skriv derfor ei kort stadfesting om dette i bestillinga, til dømes:
«Eigarane av eigedomane som skal endra grenser er kjende med at det blir rekvirert oppmålingsforretning. »
Det må leverast datert situasjonskart som viser eksisterande eigedom og kor grensene til den nye eigedomen vil gå. Kartet må vere av nyare dato og vise dagens situasjon. Kartet må vere påført avstandar og areal slik at det er klart kva det søkast om.
Du kan hente situasjonskartet frå Origo/Kommunegis. Sjå meir informasjon om kor du kan hente kart, lenger ned.
- Ønskja datoar/periodar for oppmålingsforretning
Det er fint om du oppgjeve aktuelle datoar/periodar det kan passa med oppmålingsforretning. Landmålar vil da forsøke så godt det lar seg gjere å leggje forretninga i ei av desse tidene. Minst 2 veker før forretninga finn stad, vil rekvirent og andre partar få varsel om oppmålingsforretning.