Erik Thallaug, IMDi
– Vang kommune har gjort ein viktig innsats for å busetje og integrere flyktningar. Vi ønskjer å løfte fram dette arbeidet, til inspirasjon for andre, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Ho understrekar at kommunane spelar ei viktig rolle i arbeidet med å ta imot flyktningar og hjelpe folk ut i arbeid.
– Vi veit kor viktig utdanning, arbeid, deltaking og trivsel i lokalsamfunnet er. Alle tener på god integrering, seier Rieber-Mohn.
Bruker fordelane ved å vere ein liten kommune
I grunngjevinga for nominasjonen trekkjer juryen fram at Vang bruker fordelane ved å vere ein liten kommune. Det er kort veg mellom dei kommunale tenestene, og kommunen legg til rette for godt samarbeid både internt, med Nav og frivillige organisasjonar.
Juryen framhevar også kommunen sitt fokus på barnefamiliar, der det blir lagt vekt på at barna raskt skal få begynne i skule og barnehage.
Praktiske tiltak er ein annan del av arbeidet. Flyktningar kan mellom anna få tilbod om øvingskøyring, støtte til førarkort og rentefritt billån. Dette kan gjere det enklare å kome seg til og frå arbeid.
Alla Zorina øvingskøyrer saman med Tron Kittelsen.
Nikolas Gogstad-Andersen, Biovisjon
Aktivitetar og opplæring blir og tilpassa ulike grupper. Eitt døme er eit eige sommartilbod for personar over 60 år.
Juryen oppsummerer Vang som ein kommune som tilbyr gode og konkrete tiltak, arbeider individuelt med flyktningane, legg til rette for tilpassa bustader og hjelper folk ut i arbeid.
Vinnaren blir kåra 29. oktober
Busettings- og integreringsprisen har blitt delt ut årleg sidan 2019 og går til kommunar og bydelar som har utmerkt seg i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar året før.
Det er IMDi som deler ut prisen. Vinnaren av Busettings- og integreringsprisen 2026 blir kåra under IMDi sin årskonferanse i Oslo 29. oktober.