Vang kommune administrerer drift av bygdekinoen i Vang og tar seg av profilering/marknadsføring og avtale med Bygdekinoen.no.
Vi ønsker å invitere eit lag i Vang kommune med som samarbeidspart på dugnad knytt til kinokveldane hausten 2026 og våren 2027. Dette laget tar på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1700,- kvar kveld. Oppgåva er for eit år om gongen. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring.
Det er behov for ein til to personar som må bere litt tungt, og ein person må vere til stade gjennom kinokvelden. Minst ein person må kunne møte ca. kl.16.00 for å vere berehjelp og det er behov for berehjelp ved slutten av kvelden ca. kl. 21.30-22.00.
Laget må ha organisasjonsnummer. Kinokveldane hausten 2026 er i auditoriet på VBU på følgande fredagskveldar: 28.8., 25.9., 23.10., 20.11. og 18.12.
Søknadsfrist er tysdag 25. august, og interesserte lag kan sende e-post til post@vang.kommune.no
Ved søknad treng vi følgande opplysningar:
- Namn på laget
- Organisasjonsnummer
Ta kontakt med Solveig Rønneberg på tlf. 99246417/90840792, om de lurer på noko.