Utbetring av Burmavegen

Det vil vere arbeid med Burmavegen i vår/sommar. Opphavleg skulle prosjektet vere ferdig før vinteren, men etter avtale med kommunen sluttfører entreprenøren arbeidet no. Dette på grunn av utfordringar i gjennomføringa, særleg knytt til plastringa. 

 

Utbetring av plastringa og ferdigstilling av arbeidet starta opp att i veke 19 og vil halde fram i nokre veker. Det vil bli ein trygg og solid veg når han står ferdig, med rekkverk på utsette plasser.

Kommunen har eit godt samarbeid med entreprenøren og følgjer opp prosjektet i lag med prosjekterande Plan og Oppmåling Valdres.

Vi beklagar ulempene med støv, men vegen vil bli klora når grusinga er ferdig.

Har de spørsmål om prosjektet oppmodar me dykk om å ta kontakt med teknisk etat.

Kontaktinfo: Thorleif Leine, tlf. 934 14 513, e-post: thorleif.leine@vang.kommune.no