Trygt heim!

Visste du at Trygt heim-ordninga er ein taxi-ordning for ungdom mellom 15 og 21 år i Innlandet fylke? Tilbodet gjeld natt til laurdag og søndag gjennom heile året, og skal gjere det lettare og tryggare for ungdom å kome seg heim på kveld og natt.

Trygt heim – kort fortalt

  • Kr 100,- per person (kr 150,- på visse heilagdagar)
  • Du må bestille innan kl. 16.00 på fredag.
  • Du kan berre reise innanfor di eiga region (Valdres).
  • Det må vere minimum 3 passasjerar som skal heim til same område.
     

Vil du vite meir? Ta ein kikk på den oppdaterte informasjonen her:

Innlandet Fylkeskommune - Trygt hjem