Til alle som ferdast i utmarka i Vang kommune!

Når du ferdast i utmarka i Vang kommune, er det viktig å vise omsyn til husdyr og følgje gjeldande reglar for å sikre både di eiga og dyra si tryggleik.

Wenche Søndrol

 

Møter du kyr når du er ute på tur, følg kuvettreglane!
Både folk og fe vil nyte naturen i sommar. Følgjer du kuvettreglane, sørgjer du for at du sjølv, andre – og ikkje minst dyra føler seg tryggare i sommar 🐮❤️:

  • Hald avstand til dyra og gå utanom flokken. 🐮
    Det betyr ikkje at du ikkje kan ferdast på beitet, berre at du bør halde god avstand. Dersom du syklar, hugs at det kan liggje ein flokk med kyr rundt neste sving. Ver merksam, så du unngår å sykle rett inn i dei.
  • Ikkje gå mellom dyra. 🐮
    Kyr kan bli pågåande og skape uønskte situasjonar. Nokre ting kan verke skremmande på dyra, til dømes barnevogner, paraplyar og menneske med høglydt åtferd. Det er viktig at dei som ferdast i område med beitedyr er klar over dette og tek omsyn.
  • Ikkje gå bort til kalven – kua kan gå til åtak for å verne han. 🐮
    Som sagt, kyr er som dei fleste andre mødrer opptekne av å verne kalven mot farar.
  • Hunder bør ikkje takast med til beitande dyr. 🐮
    Ein hund vil verke trugande for dei fleste husdyr. Hugs bandtvang frå 1. april til 31. oktober i Vang kommune.
    Berre dersom det oppstår ei naudssituasjon bør du sleppe hunden. Kua vil då springe etter hunden, og det er oftast lettare for hunden å kome seg unna enn for deg.
  • Kyr er nysgjerrige. 🐮
    Blir kuflokken pågåande, legg frå deg det du har i hendene og trekk deg unna. Kyr kan vere nysgjerrige på utstyr og mat du har med deg. Du kan hente att utstyret etter at kyrne har gått. Litt lenger utpå sommaren kan til dømes bærplukkarar med bøtter verke forlokkande på beitedyra, fordi dei ofte er vande med å få noko godt frå ei bøtte.
  • Opnar du ei grind, lat ho att etterpå! 🐮
    Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vere, noko som kan vere farleg både for dei og for andre.

❗Hugs også: Pant boksen – unngå dyrelidingar❗
Aluminiumsboksar og anna avfall som hamnar i slåmaskina kan gjere stor skade på dyra. Kvart år døyr dyr som følgje av at aluminiumsboksar blir kasta i vegkanten og hamnar i fôret.

Bandtvang i Vang kommune: 1. april – 31. oktober.

Vis kuvett – god sommar! ☀️

Reglane er utvikla av Norsk Friluftsliv, TINE, Norges Bondelag, TYR, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Geno.