Test av Nødvarsel 14.januar

Onsdag 14.januar kl. 12 er det testing av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve. 

Informasjon om test av Nødvarsel 

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet “Viktig melding - søk informasjon”. 

Varslingsprøva den 14.januar skjer over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane vil ule. 

Dette skjer: 

  • Testen blir utløyst mellom kl. 11.55 og 12.10 den 14.januar 2026
  • Når du mottek testen vibrerer telefonen og speler av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekunder
  • Ein tekst kjem opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test
  • Varselet kan “dras” vekk eller fjernast ved å trykkje “ok” (Dette er avhengig av kva slags type telefon og operativsystem ein har)
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - ein norsk og ein engelsk.  

For meir informasjon om Nødvarsel les her

Test of the Emergency Alert System

On Wednesday June 14th 2026 at 12.00 PM, the Emergency Alert System will be tested on the mobile telephone network while the physical warning sirens/warning systems will be activated throughout Norway, in a national warning system test.

Information in english is available at the webpage  emergencyalert.no