Takk for alle gode innspel til KPS!
Vang kommune ynskjer å takke for alle gode høyringsinnspel til kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS). Det har kome inn nærare 30 innspel, og det er flott å sjå at den overordna planen for samfunnsutviklinga i kommunen har skapt engasjement hjå lokale verksemder, privatpersonar og foreiningar, i tillegg til regionale og nasjonale aktørar.
Det var håp og forventning om mange innspel, men omfanget av alt som har kome inn, og også prinsipielt viktige ting som blir tatt opp, gjer at jobben med å få gjort ei forsvarleg behandling og vurdering av alle innspela ikkje blir ferdig innan kommunestyremøtet 19. juni. Det er frå administrasjonen ikkje ynskjeleg å utsetje sluttbehandlinga, men det har gjennom heile planprosessen vore eit prinsipp at kvaliteten på sluttproduktet er viktigare enn tidspunkt for sluttbehandling.
Administrasjonen legg no opp til sluttbehandling i formannskapet og kommunestyret i september.
Sist endra 28.05.2025 12.17