Stengd veg mellom Tyinkrysset og Øvre Årdal i veke 43
Fylkesveg 53 mellom Tyinkrysset og Øvre Årdal blir stengd for gjennomkøyring ved Holsbru frå måndag 19. oktober til fredag 23. oktober på grunn av vedlikehald på brua.
Det skal utførast vedlikehaldsarbeid på brua ved Holsbru i Årdal kommune. I samband med arbeidet blir fv. 53 stengd for gjennomkøyring ved Holsbru.
Stenginga gjeld frå måndag 19. oktober til fredag 23. oktober.
Trafikantar og næringsliv som brukar fv. 53 mellom Tyinkrysset og Øvre Årdal, må vere merksame på stenginga og planleggje reisa deretter.

Sist endra 14.10.2026 10.33