Statusoppdatering for Burmavegen – vidare arbeid

Vang kommune ynskjer å informere om status og vidare planar for Burmavegen.

For å sikre gode køyreforhold gjennom sommarperioden, er vegen no grusa og klora. Dette er eit førebels tiltak for å betre framkoma for både fastbuande og tilreisande i ferietida.

Etter sommarferien vil kommunen starte vidare utbetringsarbeid. Det vil mellom anna bli gjennomført sikringsarbeid langs bekken, med forsterking og fornying av plastringa. I tillegg vil det bli sett opp autovern på utvalde strekningar der det er vurdert som særleg viktig for trafikksikkerheita.

Når desse tiltaka er gjennomførte, vil vegen få eit nytt lag med grus for å gi ein best mogleg standard framover.

Vi takkar alle som brukar Burmavegen for tolmodet og det gode samarbeidet så langt. Vi ber samstundes om forståing for at det i periodar kan bli noko redusert framkome i samband med det vidare arbeidet.

Eventuelle oppdateringar vil bli publiserte på kommunen si heimeside.

Kontaktinfo: Thorleif Leine, tlf. 934 14 513, e-post: thorleif.leine@vang.kommune.no