Skuleskyss skuleåret 2026-2027

Informasjon om skuleskyss og tider for skulebussane finn du hos Innlandstrafikk, sjå lenker under.

Info om skuleskyss: 

Skoleskyss i grunnskolen - Innlandstrafikk

Tider for skulebussar i Vang går fram av rutetabell 303:

Rutetabell 303

Busskort dei fyrste skulevekene

• Alle elevar som har rett til skuleskyss med buss, får eit busskort. Nokre elevar har likevel ikkje fått busskortet sitt innan skulestart.

• NB! Fram til og med fredag 4. september kan alle skyss-elevar reise gratis med bussen, sjølv om dei ikkje har fått busskortet sitt eller kortet enno ikkje er oppdatert.

• Frå måndag 7. september må elevar frå og med 8. klasse betale billett dersom dei ikkje har busskort.

• Alle elevar med skyssrett som manglar busskort frå 7. september, må skaffe seg eit mellombels busskort på skulen. De skal difor ikkje dele ut mellombelse busskort før denne datoen.

• For å aktivere det nye busskortet må kortet liggje på kortlesaren i bussen i nokre sekund fyrste gongen det blir brukt denne hausten.

Hugs å minne alle elevane på å bruke setebelte!