Set fart på idrettsgleda - søk støtte til arrangement i 2026!

Frivillige lag og foreiningar kan søkje om midlar til lokale, regionale og nasjonale idrettsarrangement.
Søknadsfrist: 1. november 2025 for arrangement i perioden januar til og med juni neste år.

 

Tilskotsordninga er eit politisk verkemiddel for å nå mål i regionale planar.
Gjennom tilskotsordninga vil fylkeskommunen stimulere frivillig innsats og bidra til utvikling av lokalsamfunn.
Arrangementa skal bidra til å skape engasjement, samarbeid og vere ein arena for innovasjon, auka kompetanse og oppgradering av arrangementsteknisk utstyr.

Les meir og søk her:
Arrangementsutvikling innen idrett