Redusert mva-sats for vatn og avløp
Stortinget har vedteke å redusere meirverdiavgifta for vatn og avløp frå 25 % til 15 % for hushaldningar. Endringa gjeld frå 1. juli 2025, og fakturaen for kommunale gebyr frå kommunen for andre termin vil ha rett avgift. Den reduserte satsen vil òg gjelde for slamtømming av separate anlegg.
Bakgrunnen for endringa er å bidra til å redusere levekostnadene for hushaldningar som har opplevd redusert kjøpekraft på grunn av høg prisvekst og auka renter.
Les meir på regjeringen.no
Sist endra 01.07.2025 08.47