Reduksjon i meirverdiavgifta for vatn og avløp.

Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta (mva) for vatn og avløp blir redusert frå 25 prosent til 15 prosent. Dette vart gjort i samband med handsaminga av Statsbudsjettet for 2025.

Finansdepartementet har utarbeida ei forskrift om endringa, som var på høyring fram til 8.april. 

Deretter tok departementet sikte på at endringa skulle gjelde i heile landet frå og med 1. mai 2025. No er iverksetjinga utsett til 1. juli 2025.

Utsetjinga skjer for å gjere innføringa av reduksjonen enklare, slik at vi unngår unødvendige kostnader med for høg innbetaling for innbyggjarane og administrering av tilbakebetaling for kommunane.

Les meir her på regjeringa.no

Fakturering

I og med at endringa skjer frå 1.juli, som er eit terminskifte, vil fakturaene som blir sendt ut etter 1.juli ha korrekt meirverdiavgift på 15 prosent.

Det vil også kome informasjon om dette på din kommunale faktura.