Vang kommune varslar med dette høyring og offentleg ettersyn av 10 eldre reguleringsplanar.
Link til den einskilde plan fylgjer nedanfor. Ved å klikke på linken kjem ein inn på “arealplaner.no”. Fyrst fylgjer kort informasjon om planen, og når ein klikkar på “Planen er i høringsperiode” og “vis dokumenter” kjem ein inn på sjølve plandokumenta som er relevante for saka. Her finn ein innstilling/saksframlegg, rapport utarbeidt av Multiconsult og merknadsrapport.
Fylgjande 10 planar er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn:
- 0545B002 Raudalen H4 (bebyggelsesplan), vedteke i 1995 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/3?term=raudalen
- 0545R005 R5 Eidsbugarden – Fondsbu, vedteke i 1995 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/18?term=fondsbu
- 0545R014 R14-Mellvika, vedteke i 1998 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/27?term=mellvika
- 0545R017 Raudalen alpintanlegg, vedteke i 2003 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/30?term=raudalen
- 0545R034 Jevneshaugadn, vedteke i 2004 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/44?term=jevneshaugadn
- 0545R041 Langebakke, vedteke i 2005 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/49?term=langebakke
- 0545R047 Raudalen S2, S3 og S4, vedteke i 2006 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/53?term=raudalen
- 0545R050 Syndislie, vedteke i 2006 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/56?term=syndislie
- 0545R059 Høgsten 2010, vedteke i 2010 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/64?term=h%C3%B8gsten
- 0545R062 Fossebakken, vedteke i 2007 - https://arealplaner.no/vang3454/arealplaner/67?term=fossebakke
Høyringsfrist 4. september 2026
Eventuelle merknadar til dei respektive planane må sendast til kommunen innan 04.09.2026. Dei kan sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller pr. e-post: post@vang.kommune.no.
Evt. merknad merkast med saksnr. som ein finn inne på arealplaner.no.