Orientering om gebyr for vatn og avløp

Endring av gebyr – gebyrregulativ 

Vang kommunestyre vedtek kvart år, i samband med behandling av budsjett og økonomiplan, gebyrnivåa for det kommande året.  Før sluttbehandling i kommunestyret har det vore innom dei politiske utvala og råda for førebuing. Det blir og gjort offentleg minst 14 dagar før sluttbehandling, jf. kommunelova.   

Gebyrnivået for vatn- og avløp har auka frå 2024 til 2025, dette kjem fram i gebyrregulativet. For vatn og avløp er det tre kategoriar innan gebyr. Det er tilknytingsavgift, abonnementsgebyr og forbruksgebyr. I tillegg kjem gebyr for leige av vassmålar.  Det er i dag berre abonnementsgebyret som har ulik sats for ulik bygningskategori. 

Abonnementsgebyret frå 2024 til 2025 har auka mest for fritidsbustadar. Dette heng saman med at det krev meir ressursar for kommunen å drifte vass- og avløpsanlegga knytt til fritidsbustadar. Bruken er sesongbasert og det fører til  ujamn belastning med belastningstoppar i ferie og høgtider. Infrastrukturen må dimensjonerast for å handtere toppane.

 

Endring av rutine for fakturering – akonto beløp 

Vang kommune endra oppsettet for korleis me fakturerer akontobeløpet for vatn- og avløp for dei som har vassmålar. Dette vart diverre ikkje orientert om godt nok i forkant. Endringa er gjort for å forenkle faktureringa og gi betre oversikt over dei samla kommunale avgiftene for året. Gebyra for vatn og avløp vil elles bli fakturert som før, delt på to terminar.  

Endringa er at ein betalar akonto (estimert forbruk) i begge terminar, før var dette berre i siste termin. Det er og oppdaga at det har blitt utfakturert for lite i forhold til faktisk bruk, noko som har kome kundane til gode.  Betalingsordninga, slik ho er no, er lik som for resten av Valdreskommunane. 

I løpet av eit år vil oppsettet for fakturering vere slik, eksempel for 2025: 

Mai 2025 

  • Faktura for halve abonnementsgebyret, estimert forbruk for halve året (akonto) og vassmålarleige for halve året 2025. 
  • Eventuell utbetaling dersom det vart fakturert for mykje forbruk i 2024, eller faktura dersom det vart fakturert for lite forbruk i  2024. 

 

Oktober 2025

  • Faktura for halve abonnementsgebyret, estimert forbruk for halve året (akonto) og vassmålarleige for halve året 2025.

 

Desember 2025

  • Innsending av vassmålarstand, forbruket blir avrekna opp mot innbetalt beløp for året. Eventuell utbetaling dersom det vart fakturert for mykje forbruk i 2025, eller faktura dersom det vart fakturert for lite forbruk i  2025 kjem i mai 2026.  

 

Har du spørsmål, eller ynskjer du å diskutere moglegheiter for delbetaling eller utsetjing, kan du ta kontakt med oss på e-post: post@vang.kommune.no 

 

Endring av mva-sats for vatn og avløp 

Stortinget har vedtatt at meirverdiavgifta for vatn og avløp skal reduserast frå 25% til 15 % for hushaldningar.  Endringa skjer frå 1. juli 2025.  

Gebyra som står i vårt gebyrregulativ er med mva på 25%, det vil sei at gebyrsatsane vil bli lågare for neste halvår. I og med at endringa skjer frå 1.juli, som er eit terminskifte, vil fakturaene som blir sendt ut etter 1.juli ha korrekt meirverdiavgift på 15 prosent. Dette gjeld også for slamtømming.