Open dag om kommuneplanen sin arealdel

Vil du vite meir om kommuneplanen sin arealdel, eller treng du hjelp til å sende inn innspel? Torsdag 17. september inviterer vi til open dag i kommunestyresalen.

Torsdag 17. september kl. 09.00–15.00 vil arealplanleggjarane vere til stades i kommunestyresalen for å svare på spørsmål om planarbeidet og vise korleis du kan bruke innspelsportalen.

Du kan mellom anna få:

  • hjelp til å sende inn innspel
  • enkel opplæring i kommunen si kartløysing
  • svar på spørsmål om planprosessen
  • rettleiing om korleis du kan finne eigedomar og område i kartet

Det er inga påmelding, og du kan stikke innom når det passar i løpet av dagen.

Link til innspelsportal: Vang kommune: Arealinnspel til kommuneplanens arealdel(2027 - 2039)

Velkomen til open dag i kommunestyresalen!

Kontaktinfo

Magnus Lajord
Arealplanleggjar
Telefon 94 88 49 72

Arbeider med arealplanlegging, kommune- og reguleringsplanar, plansaksbehandling og dispensasjonar.

Lars Andreas Huset
Arealplanleggjar
Telefon 94 05 84 83

Arbeider med arealplanlegging, kommune- og reguleringsplanar, plansaksbehandling og dispensasjonar.