Ny oversikt: Bustader til leige i Vang
No gjer vi det lettare å finne ein heim her i bygda. På nettsida vår finn du ei oversikt over private bustader som er klare til utleige akkurat no.

Har du sjølv ein bustad du vil leige ut, kan du enkelt registrere han ved å trykkje på «Registrering av bustad». Vi legg bustaden ut for deg, og fjernar annonsen når han er leigd ut.
Som leigesøkjande finn du oppdatert informasjon på sida, og du kan ta direkte kontakt med utleigarane om du lurer på noko.
Oversikten finn du på fremsida under “Velkomen til Vang” - “Bustader til leige”.
Du finn også skjema her:
Registering av bustad til leige
Sist endra 24.09.2025 10.01