No kan du registrere opplysningar om eigedommen din - Vang kommune

No kan du registrere opplysningar om eigedommen din

Alle eigarar og festarar av bustader eller fritidsbustader i Noreg kan no sjølv registrere opplysningar i matrikkelen hjå Kartverket.

Tenesta er tilgjengeleg via eiendomsregisteret.kartverket.no 

Kva er matrikkelen?

Matrikkelen er det nasjonale registeret over eigedommar i Noreg. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.

Dette kan du registrera

Gjennom den nye eigenregistreringsløysinga kan eigarar leggje inn supplerande informasjon om bustaden sin, til dømes:

  • byggjeår
  • løysingar for vatn og avlaup
  • energi- og oppvarmingssystem
  • bruksareal

Opplysningane du legg inn, kjem i tillegg til eksisterande opplysningar i matrikkelen. Dei erstattar ikkje nødvendigvis over data som kjem frå andre kjelder. 

Kven kan bruke tenesta?

Tenesta er open for privatpersonar som står registrerte som eigarar eller festarar av bustad eller fritidsbustad. Eigedomen må vere registrert med bygningsstatus i matrikkelen.

Nokre eigedomstypar er unnateke, mellom anna:

  • bustader i burettslag 
  • eigedommar registrerte på juridiske personar

Kvifor er dette nyttig?

Oppdaterte data i matrikkelen gjev eit betre grunnlag for ei rekkje tenester og prosessar. Korrekte opplysningar kan ha betydning for:

  • forsikring og finansiering
  • taksering og eigedomssal
  • offentlege avgifter
  • betre grunnlag for avgjerder hos mellom anna naudetatar, planleggjarar og andre aktørar betre

Slik gjer du:

  1.  Gå til Eigedomsregisteret hjå Kartverket: eiendomsregisteret.kartverket.no
  2.  Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrert frå før
  3.  Registrer det du meiner er rett
  4.  Oppdater tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg

Kven kontaktar du ved spørsmål?

Kontakt Kartverket dersom du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring. 

  • Kontaktinformasjon finn du her
  • For meir informasjon sjå her

Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakta kommunen for å få det retta. Dokumentert krav om retting kan sendast til post@vang.kommune.no