No kan bedriftene også synleggjere seg i foreningsportalen!

Næringsrådgivar i kommunen, Erling Oppheim har i samarbeid med Frivilligsentralen jobba for å få på plass eit bedriftsregister i foreningsportalen. Før helga fikk over 300 registrerte bedrifter i Vang sms med info om korleis dei kan redigere si oppføring i portalen, og om få veker lanserer vi registeret for innbyggjarane!

47 bedrifter har allereie klikka seg inn på lenka i sms'en og oppdatert si oppføring, no håpar vi at dei resterande 262 også gjer dette. Opplysningane vi har lagt inn er henta frå Brønnøysundregisteret og frå den gamle bedriftsoversikten på vangivaldres.no, og det er heilt sikkert noko utdatert informasjon som må endrast. Det er også mange som ikkje har tilgjengeleg epost-adresse, dette er særs viktig for at både næringsrådgivar og innbyggjarar skal kunne kome i kontakt med bedriftene. Fleire av dei registrerte bedriftene er enkeltpersonforetak som ikkje nødvendigvis ønskjer å stå synlege i portalen, då er det viktig at de gir beskjed til erling.oppheim@vang.kommune.no slik at han får fjerne oppføringa før vi lanserer registeret.

Når bedriftsregisteret er publisert vil det vere den basen kommunen forheld seg til, og vi kan enkelt vise den fram på andre flater og nettsider. Gamle oversikter over bedrifter i Vang vil då bli erstatta med ei lenke til bedriftsregisteret i foreningsportalen.

Arrangement i kalenderen

Allereie no kan bedriftene publisere sine arrangement i kalenderen i portalen, på lik linje med foreiningane. Tyinholmen Fjellstuer har allereie grepet sjansen og publisert sin konsert komane helg, sjå bildet som er frå startsida i foreningsportalen. (Ver obs på at det er ein kontrollfunksjon for bedriftsarrangement som gjer at ein av administratorane må godkjenne kalenderoppføringa før den blir publisert.)

Vi er særs fornøgde med å snart kunne lansere registeret, slik at næringslivet i Vang skal bli meir synleg, og at alle innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar enkelt og greitt skal finne fram til dei tenestene dei søker!

Ta kontakt med Erling om du har spørsmål, eller om bedrifta di ikkje har mottatt sms.

 

Screenshot frå vang.foreningsportal.no