Nasjonal varslingsprøve 11. juni

Onsdag 11. juni er det nasjonal varslingsprøve med testing av tyfonane og Nødvarsel på mobil i heile landet.

Varslingsprøva 11. juni blir gjennomført over heile landet klokka 12. Då testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". Samstundes sender politiet Nødvarsel på mobil. Tyfonane dekkjer om lag halvparten av det bebudde arealet i Noreg, medan Nødvarsel skal nå dei aller fleste mobiltelefonar.

Varslingsprøva har blitt gjennomført på denne måten fire gonger tidlegare. I tillegg har politiet brukt Nødvarsel ved fleire reelle hendingar sidan systemet blei klart til bruk i starten av 2023.

Nødvarsel går ut til alle oppdaterte mobiltelefonar som befinn seg i Noreg og som er kopla til 4G/5G. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) anslår at om lag 97 prosent av mobiltelefonane som er i aktiv bruk i Noreg kan ta imot Nødvarsel.

Slå av telefonen om du ikkje vil motta varselet

Dersom du ikkje ønskjer å ta imot varselet, må du slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15 onsdag 11. juni. Det hjelper ikkje å skru av lyden for å unngå varselet.

Les meir om varslingsprøva på nødvarsel.no 

Det er også informasjon hjå Statsforvaltaren i Innlandet.